Tilbake til alle arrangementer

Sigrid Moldestad m/band og Scala Brio

  • Teaterfabrikken AS 22 Molovegen Ålesund, Møre og Romsdal, 6004 Norway (kart)

Sigrid Moldestad er kjent for si kraftfulle blanding av folk, vise- og tradisjonsmusikk. Ho er ein artist med eit sterkt forteljarhjarte og evne til å berøre tilhøyrarar med vakker melankoli og leiken kraft.
Ho har sin bakgrunn i felespelet og folkemusikken. Spesielt har ho fordjupa seg i tradisjonen frå sitt heime-område, den vesle bygda Breim i Nordfjord. Med denne arven som inspirasjon og rot har ho utvikla sitt eige musikalske uttrykk i grenselandet mellom tradisjonar og nyskaping, folkemusikk, pop og visesong.

Scala Brio er eit blandakor med vel 50 songarar frå Sula og Ålesund. Dirigent er Gro Dalen.

Forrige
Forrige
16. mars

Loppemarked

Neste
Neste
20. mars

Ålesund viseklubb